Siste innlegg

Estalåni. Samsnakk med Eli Vaage

June 24, 2019

 

13.JUNI 2019 kl 1056

 

AINA: Hei Eli, jeg er klar når du er!

 

ELI: eg er klar!

 

AINA: super. da begynner vi. Gratulere med ny bok kjære Eli Fossdal Vaage!

 

ELI: takk, takk!

 

AINA: Estalåni, aller først må du si noe om tittelen, prøvde å google , men - det nærmeste hintet er jo tiggeren som nevnes i boka.

 

ELI: ja.. den tittelen! Var veldig i tvil, fordi den muligens kunne ileggast andre ting enn eg hadde i tankane. men tingen er at det rett og slett er eit kallenavn som søstera mi hadde på meg då eg var lita. Ile Konsjetnira Estalåni! ropte ho, og eg blei alldeles rasande. samtidig var det eit eller anna ved navnet som eg alltid har likt, det ligg jo ein identitet i eit navn, ikkje sant? Og ho ropte meg liksom inn i verda. Så derfor tittelen.

 

AINA: For et dronninglig navn å bli ropt opp som! men "andre ting"? som hva, jeg har aldri hørt ordet.

 

ELI: haha, nei, det var berre det at Estalåni høyrdes litt finsk ut? Og særleg når me bestemte at boka skulle vera blå og kvit. At folk skulle tenka at det handla om Finland, rett og slett. Eventuelt Estland. Men eg ville ha den, og tenkte òg at det kanskje kunne vekke litt undring, fordi det jo er umulig å vite kva det betyr - iallfall uten å ha lese boka

 

AINA: oi den linken var ikke i snurten av min bevissthet. godt du beholdt den! Men det var altså din søster som fant opp navnet rett og slett. og når hun ropte, tok du det som noe negativt?

 

ELI: Ja. Ho brukte det til å erta meg. Eg vart sint, men eg vart sint og samtidig vart eg jo... skapt? I hennar bilete, på eit vis? Å ha ei storesøster er jo blant anna å ha nokon å spegla seg i, og det å bli sett, er å bli anerkjent. Det var òg noko litt vilt i det ordet, som eg likte veldig godt.

(forresten, kan eg berre skrive sånn rett fram på dialekt her i sjatteintervjuet eller? då er ord og tanke meir i eitt )

 

AINA: (ja - kjempefint! evt redigerer vi bort snusk helt til sist)

 

ELI: (topp.)

men ja, Estalåni er strengt tatt det mest sjølbiografiske ved boka då på ein måte, hehe

 

AINA: og når vi først er inne på dette med søstre - man kan jo kanskje si at søstreskap er noe som har fulgt begge bøkene dine, mens det tidligere har vært ubestemte søstre, forsøstre - alle kvinner, fins det i Estalåni en faktisk egen søster. Men det er som om det alltid er noen søstre til stede i diktatene dine! kanskje du kan si noe om dette med søstre i din skriving?

 

ELI: ja, ka er det med søstre, det har eg lurt på også. veldig ofte når eg skriv, har det seg sånn at eg plutselig vender meg mot ei søster sånn nesten automatisk. i Estalåni har eg jo til og med et dikt som er ei slags formaning til ei søster; spør ikkje om det umoglege, søster. men det er fint med ting som både kan vera heilt konkrete og større samtidig, altså, at eg kan vera ei lita søster og samtidig mi eiga søster? eg skriv ofte vendt mot meg sjøl når eg skriv søster, men på grunn av tida og eksistensen er eg jo ikkje lenger meg. gir det meining?

 

ELI: i estalåni er det iallfall ofte ei søster som er meg, før eller seinare. og så er det kjensla av nåke likt som samtidig er så avgrunnlangt vekke. søstre er liksom litt det samme, men samtidig ikkje.

 

AINA: jeg tenkte også dette med å skrive ”søster”, er jo en henvendelse - til noen, til fortida, til minnet, til slekta, det å skrive søster er som om man ikke er aleine.

 

ELI: i tillegg er det jo søsterskap i sjølve skrivinga, sånn meir opplagt. eg skriv ofte i dialog med andre, kanskje indirekte, men ting eg har lest, osv altså i dialogen med andre forfattarar, og kanskje særlig med kvinner då, generelt. f.eks det diktet med spør ikkje om det umoglege, søster - er jo eit slags svar på kvinners brotne forhåpningar. det har eg jo i Hekla myter også, der det er eit dikt som formanar kvinnene, formødrene, i boka om å "halde sine draumar små". Og ja - så absolutt det med å ikkje vere åleine!

 

AINA: ja, det med inspireajson og ikke minst drøm og minne kan vi komme tilbake til. nå litt mer om boka - Estalåni har mange lag. Jeg leser den også som en oppvekstfortelling. Og det slår meg at det er så tydelige fortellinger - selv om det er dikt. det er billedskapende små fortellinger. som handler om oppvekst, barndom, vitenskap, mor og barn-relasjon - men med et tydelig tidsforløp som omkranser alle øyeblikkene. Kan du si noe om det å fortelle med dikt?

 

ELI: heilt enig, igrunn. har ofte lurte på om eg skulle skrive prosa, faktisk, det snik seg alltid fram ei forteljing. men det er ikkje nåke eg bevisst vil. det berre skjer. altså, eg elska å skriva begynnelsar. så det er egentlig det eg gjer, heile tida. men i estalåni er det jo litt annleis, fordi eg har to tekstar som på ein måte er litt meir som noveller; det er sammenhengande tekst med handling

 

AINA: "Diktet er ei holete fortelling", står det et sted.

 

ELI: Det er eit veldig tydelig narrativ i begge bøkene mine, som eg ikkje heilt veit kor kjem frå

 

AINA: Har dette noe med tidsoppfattelse å gjøre? som du sier - begynnelse, og så fortsettelse, slutt

 

ELI: ja, absolutt! og så er det jo det at eg syns den handlar om overgangar, og der er jo tidsaspektet så veldig definerande

 

AINA: si noe mer om det!

 

ELI: den handlar jo om å bli mor, bli til, bli, bli nåke anna. det er jo et kjempevanlig tema i lyrikken, metamorfosen, sant. Men samtidig har akkurat den fødselsmetamorfosen, eller mormetamorfosen, blitt så underkjent.

Å bli fødd, å bli til, å bli til ungdom, kvinne, mor eller barn. Så bytar ein om på rollene i løpet av livet. I eit av dikta skriv eg at foreldra blir skapte idet barnet blir fødd, ein dobbel fødsel altså, og det er jo på eit vis fryktelig banalt; samtidig som det forundrar meg. Ein blir det som livet krev av ein. Men no må eg passa meg for å bli kvasifilosofisk, ein del folk som kjenner meg, ville nok sagt at eg har stor evne til å problematisere det meste – kanskje kjem det til uttrykk i det boka handlar om, heilt enkelt? At somme har vanskeleg for å finne seg til rette med vissa om at ein berre blir fødd, lever, døyr, at det kan vera så enkelt og samtidig så komplisert. Kortversjonen er nok at boka hovudsakleg handlar om å bli mor, dette suggerande ordet som absolutt alle har eit forhold til.. som du kjenner veldig til i di bok, då! men på ein mykje meir umiddelbar måte

 

AINA: "det å være herskerinne over liv og ikke - liv", som det står..

 

ELI: ja, det har òg forundra meg at det virka så umulig å ha ein samtale som er intellektuell om ting som fødsel, abort, osv. det går jo an i filosofien, men det blir fremdeles stempla som banalt! heilt frå kvinner er jenter, ligg det ansvar der og lurkar

 

AINA: ja - men så har også filosofien nå kommet til at også det banale er dypt filosofisk. altså TINGEN.. osv det å skrive om vanlige ting. dvs i romanen.

 

ELI: ja, nettopp, men ikkje i den "vanlige" samtalen. Og der syns f.eks BT sin anemldar fremdeles at Sandra Lillebø si forrige bok var ...ja, kva var det? morsdikt? som om det var smalt, snevert, rart, ja, lite.

 

AINA: nemlig. barsel-litteratur har jo blitt et begrep. slik det før kaltes kvinnelitteratur..

 

ELI: haha! tenk det! blir heilt oppgitt. forresten syns eg jo sjølve svangerskapet er ei veldig bra ramme for fiksjon, det har jo naturlig spenningskurve og endar med livet

 

AINA: du har også et vitenskapelig spor i boka - som beskriver hvordan liv utvikles

 

ELI: ja, det var eg jo i stuss om skulle bli med, då. men det fekk lov å bli

 

AINA: denne beskrivelsen er jo virkelig urbeskrivelsen av eksistensens utvikling fra ingenting til noe - på en vitenskapelig måte

 

ELI: det var litt sånn at eg var nokså sultefora på lærdom akkurat når eg begynte med prosjektet.. og så, jo meir eg las, berre i leksikon og wikipedia og på medisinske sider, rett og slett, jo meir energi fekk eg inn i skrivinga. det er jo òg ei ypperlig prisme for livet, på ein måte; at kroppen lever heilt sitt eige liv i ein slags sameksistens med personaen. det er jo litt sånn med døden òg. det er vanskelig å forstå at det går an å vere så innstilt på å leve, og så likevel dø. akkurat som om viljen, sjølve den livsnerven, ikkje betyr nåke likevel..

 

AINA: som det står et sted: "unnfangelse – død -  skog, dei har dei same djupe, mørke augo..."

Jeg har tenkt at både Hekla Myter og Estalåni har flere lag, flere parallelle historier, men det er flere konkrete omgivelser i Estalåni - virkelige hendelser som er med. 22. juli og ABB som nevnes, selvsagt fordi det skjer så tett opp til fødselen. Jeg opplever Estalåni som mer knytta til en bestemt tid, et mer konkret her og nå?

 

ELI: 22.juli delen, ja, den er jo henta frå min historie meir direkte, sånn 1:1.

så det er et veldig konkret sjølvbiografisk element i boka, fordi terroråtaket spelar den same rolla i teksten som det gjorde i mitt eige liv. Eg var veldig høggravid og hadde termin 18.juli 2011, og derfor er dei to hendingane kopla saman for meg: Terroren, det grufulle åtaket på uskuldige ungdommar på leir, alt det fæle, samtidig som eg gjekk omkring i mi eiga boble og skulle føde. Små, egoistiske tankar; som at eg var utruleg letta over at ungen min ikkje vart fødd nett den dagen, parallelt med tanken på at andre mista sine barn. Eit behov for å vite mest mogleg, for å forstå, samtidig som iallfall eg hadde eit intenst behov for å berre lukke augo og gløyme heile greia. men i utgangspunktet trudde eg berre at eg hadde eit enkeltdikt som knytte seg direkte opp mot terroren. og så når eg ser tilbake på boka no, tenker eg at det har prega meir. Tvilen om i kva grad det er forsvarleg å setje barn til verda når verda insisterer på å vere slik ho eg. erkjenninga av barndomen, kor viktig den er, livet ut, kor prisgitt ein er dei foreldra ein tilfeldigvis er fødd til – og sjølvsagt morsrolla, tyngda av det ansvaret vi legg i den, sånne ting. om barnet ditt veks opp og blir terrorist, vil du som mor alltid ha ei viss mistru hefta ved deg, uansett kva. itillegg vekte den nasjonale katastrofen tanken i meg om fødselen som den motsette katastrofen, at det finst svære hendingar som snur opp ned på alt, med uoverskodelege ringverknader, men at dei gode kan ha ein tendens til å snike seg unna merksemda og medvitet vårt i større grad enn det heilt forferdelige

 

AINA: Og da må man bli "den optimistiske mora" eller som du også skriver - ( i tilknytning til skapelsesfortelling); "viljen, til godt, evne til å tilgi, å glemme" - det å ville det gode – til tross for alt det vonde

 

ELI: den optimistiske mora, ja. ein må jo selge inn verda til barnet sitt, sjøl under sterk tvil. litt sånn krampeaktig glad. det lika eg. det er jo også å ta ansvar!

 

AINA: ja, og hva betyr det? er det egentlig falskt det de da får? uekte? gi de noe som muligens ikke fins

 

ELI: det er så vanskelig! eg lurer jo på det, om det er falskt. samtidig er det jo fint å leva

 

AINA: ja nettop! vnodt, men fint!

 

ELI: vondt men fint!

 

AINA: (åi sjatt - krasj!9?)

 

ELI: har vi gitt barna verdens beste gave eller ein livstidsdom? begge deler. Eva Jensen har et dikt som er så fint, der skriv ho sånn: alt er enkelt og komplisert (det handlar om å ligge på eit svaberg og få solvarm hud, trur eg).

 

AINA: ja da er det godt å hente litt enkel visdom fra formødrene.. søstrene der ute.

 

ELI: det handlar om trøst, trur eg. den einaste trøsten utenom den sanselige er jo å ikkje vere åleine. skrivinga òg handlar om trøyst, på ein måte

 

AINA: Jeg tenkte å snakke litt mer om minne, det å huske, både Hekla Myter og Estalåni står minnet tydelig frem, som du skriver i Hekla m: "hva er verst - gløymsle eller evig minne"

 

ELI: ja, minne er sentralt, særlig i Estalåni. det har eg tenkt masse på, men ikkje heilt klart å formulere, bortsett frå der det står om det i boka nesten

 

AINA: som om minnet noen ganger også er for stort, du skriver: ".. eg hugsar ikkje klart nok det som interesserer meg - gropen som oppstår -kanalane som renn mellom tid og minne -hadde berre menneskeminne mennesketid"

 

ELI: eg er veldig opptatt av ka som egentlig skjer når det plutselig kjem boblande fram et minne, ka framkaller det. både for lite og for stort

 

AINA: ja - et sted skriver du også som om du kan fremkalle minner gjennom en slags lek, slik vi gjorde som barn - hadde besvergelser som fremkalte visse tilstander eller indre syn

 

ELI: du veit, av og til kan ei lukt du ikkje visste var lagra, framkalle heilt konkrete situasjonar du ikkje visste du hadde lagra heller

 

AINA: du skriver også: "når jeg må gjøre noe vondt" - så oppstår visse minner

det er spennende! må gjøre noe vondt? "må"

 

ELI: det er interesant i biologisk forstand også, syns eg

og nei, kan like godt vere godt!

(Er nesten tom for strøm på dataen!)

 

AINA: (oi oi - hva gjøre? ta opp tråden imorgen? eller fortsette til det konker..)

 

ELI: (fortsette til det konkar?)

 

AINA: (ja!) Jeg tenkte under lesninga - hva er vi uten hukommelse?

minne blandet inn i våre daglige gjøremål, være her og der hele tida -

at det er også dette dikt og skriving handler om?

 

ELI: Ja, det er umulig å vere alltid i øyeblikket heldigvis. Eg er nok og litt sånn at viss eg får det eg syns er ein "innsikt", så får eg det gjerne "på hjernen" heilt til det er skrive ned. Så eg tar heile tida notater, på mobilen, stort sett.

Og at det ein faktisk huska, ikkje er det som faktisk skjedde. Det er vesentlig

 

AINA: dette passer bra som overgang, vi må avslutte med å snakke litt om skriving, selve skriveprosessen. hvordan skriver du? når på dagen, hvordan, noen spesielle (u)vaner osv.

 

ELI: Ja, det kan vi! (Eg må svare deg på mobil no, fordi dataen kobla ut, men der går greit)

 

AINA: (ok! raske fingre! )

 

ELI: Eg noterer som sagt alltid, på lapper, mobil, sånne ting. Så det føregår heile tida. Eit evig tankekjør, i bilder, stort sett. Av og til setningar.

Så etterpå kjem rydde-fasen..

 

AINA: er det noen perioder du ikke skriver?

 

ELI: Ja, masse av tida skriv eg lite eller ingenting. Men viss eg reiser, skjer det alltid. Langt eller kort

 

AINA: - hvordan blir et dikt til? du elsker begynnelser skrev du

 

ELI: Ja...også når et prosjekt er i starten. Syns det er forferdlig vanskelig å avslutte, fordi eg alltid vil supplere

 

AINA: rent formmessig har diktene blitt ye lenger i Estalåni.. har det noe med denne avslutningsvegringen å gjøre?!

(altså ikke fordi jeg mener de skulle vøre kortere!^)

 

ELI: Ja! Og at eg har brukt skrekkelig lang tid på boka. Den var nok overmoden, men eg berre fortsatte.. Var nok redd for å fullføre også

 

AINA: det å gi fra seg barnet ja..

 

ELI: Fordi eg egentlig er ein slags perfeksjonist inst inne, og ingenting "ytre" lever opp til det indre bildet. Som ein har av ting

 

AINA: he he

 

ELI: Men samtidig kom denne boka veldig av seg sjøl også, den hadde ingen idé men fann seg sjøl etterkvart. Så det var óg ein god måte å jobba på, som eg sikkert ikkje ville mista. Eg likar nok begynnelsar fordi då er alt åpent. Eg vil gjerne halde alt åpent lengst mulig

 

AINA: i livet også?!

 

ELI: Då blir det vanskelig å sette punktum!

Ja, livet også

 

AINA: bestemme seg ja.. gjøre valg og slikt noe

 

ELI: Nettopp. Ugjenkallelig. Ny liten sti som avgjer kor du går vidare

 

AINA: var det vanskeligere med denne enn forrige bok?

 

ELI: Ja. Der var eg meir drive av ein slags forfengelighet, eller, kanskje feil ord, men det der drivet etter å debutere. No ville eg ikkje gi meg før det var nåke eg kunne stå totalt inne for. Ikkje at eg ikke står inne for Hekla myter, men der føltes alt som om det hastar så sinnsvakt. No måtte liksom alt bli rett

 

AINA: mindre forfengelighet etter å ha debutert altså? intressant. (stikke motsatt her..)

 

ELI: Ja. Eller, no har eg ein god følelse av at det eg har gjort er bra i mine egne auger

 

AINA: ja herlig!

 

ELI: Eg har ikkje lenger ein følelse av å kunne bli ferska, at nåken skal avsløre meg som ein forfalskerske. Haha. Psyken altså!

 

AINA: kanskje dette er et riktig sted å avslutte?

Der hvor du smiler! det er alltid godt å huske på - "¨Nå er jeg fornøyd! "

 

ELI: Ja! Letta. Lettelsens smil

 

AINA: deilig - det smitter.!

Takk for samtalen, Eli.

 

ELI: Takk sjøl

 

Please reload

Please reload

  • Black Twitter Icon
  • Black Facebook Icon

Det kan være vanskelig å være på nett. 

Derfor har vi lagt inn jevnlige hvite hull med avslappende musikk som du når som helst kan trykke på. Det finnes også sorte hull.

  

B&B er non-profit.

Alle bidrag mottas med stor takknemlighet.

Du kan støtte oss her