• Black Twitter Icon
  • Black Facebook Icon

Det kan være vanskelig å være på nett. 

Derfor har vi lagt inn jevnlige hvite hull med avslappende musikk som du når som helst kan trykke på. Det finnes også sorte hull.

  

B&B er non-profit.

Alle bidrag mottas med stor takknemlighet.

Du kan støtte oss her 

Siste innlegg

Om Meieriet, samsnakk med Mette Karlsvik

December 2, 2019

B&B har snakket med Mette Karlsvik om hennes nye roman Meieriet. Før denne har hun gitt ut - og fått innkjøpt 13 bøker. For debuten Vindauga i matsalen vender mot fjorden (2005) fikk Mette Vesaas debutantpris. I tillegg har hun tre-fire sakprosabøker bak seg. Meieriet foregår, i likhet med mange av Mettes bøker, på Island, med krakket i 2008 som bakteppe. Det handler om Beate, en rastløs kunstner som har opphold på et residens – opprinnelig et gammelt meieri, som møter Kjell (i nærbutikken og på lauget), blir gravid og velger å gå inn det nye livet på tross av tvil og ambivalens, på tross av at dette vil bryte opp i hennes godt etablerte forfatterliv hvor strenge rutiner utgjør dagene.

 

 22. november kl 1220

 

B&B: Gratulere med ny stor rosa bok!

 

METTE: Takk! Kva tenkte du då du såg omslaget?

 

B&B: Fjellet ligner Vågakallen utenfor Kabelvåg, hvor jeg selv bodde i 2 år.. Men dette er jo Island, og bygget, eller meieriet - det ligner jo nesten et slott. Eller en herregård.

 

METTE: Fjell + meieri = ein ikkje opplagt kopling

 

B&B: Men det var det kanskje for Thor Jensen, han som grunnla Meieriet - som Beate prøver å skrive om?

 

METTE: jau då, det skal du ikkje sjå bort ifrå. eg trur at den rekka med fjell vernar beitemarka

 

B&B: Men først må vi fortelle litt - dette handler jo om Beate, en forfatter, som får et kunstneropphold på Meieriet. Hvem er Beate?

 

METTE: Beate jobbar med tekst. Ho skriv bøker. Ho såg tidleg potensialet i kunstnaropphalds-ordningar. Dei har gjort det muleg for henne å overleve som forfattar på den måten at ho har flytta frå eitt residency til eit anna i heile det profesjonelle livet sitt. Der har ho hatt gratis eller billeg opphald, og ofte stipend også. Slik unngjekk ho problematikken med dyre bustadsprisar i byen der ho hadde studert (og der det låg i korta at ho skulle bu vidare). Og ho har lært kloden å kjenne. Ho har blitt ein verdsborgar. Ulempa er at ho har jobba på seg ein form for rastløyse, og at ho ikkje har knytt varige band til nokon.

 

B&B: ja, denne rastløsheten er en kjernepunkt for Beate. Jeg kom nylig over et sitat fra en Davidsalme, som fikk meg til å tenke på Beate: "Hvorfor er du så full av uro min sjel, hvorfor stormer det i deg?" Men hos Beate er det mye kroppslig uro i tillegg.

 

METTE: ja, og for å vere heilt ærleg så kan eg ikkje gi ei god forklaring på Beates sjelelege og kroppslege uro. eg håpar at eg har klart å skildre Beate sin tilstand: det er som at ho manglar filter for sjela. at det er eit ein-til-ein forhold mellom kroppen og sjela. men ho blir på eit vis tyngre og rolegare når ho blir gravid. igjen følgjer kropp og sjel kvarandre. men det merkverdige er vel fødselen forankrar henne. på eit vis

 

B&B: Jeg har ofte tenkt - kommer uroligheten innenfra eller utenfra, hvordan påvirker disse hverandre. Er det Beates konstante flytting (flukt?) som har påvirket og utvidet den indre uroen, eller er det den indre uroen som har gjort at hun måtte flytte på seg? Utover i boka får vi vite litt om hennes fortid, en død far, ingen kontakt med mor. Ingen tråder som forbinder henne til landet, verken av arbeid – hun er selvstendig (enslig) kunstner, ingen familie.. På en måte løsrevet fra omgivelsene.

 

METTE: Eg trur at det finst forskning på dette, men eg hugsar ikkje kor eg har det ifrå. men ideen eg har om den vitenskapen er at ja, ein påverkar psyken med kroppen. paradoksalt nok med å ville løpe meir om ein spring. ja, eg trur du har rett i at dei hendingane sett rørslene i gang.

 

B&B: Men så fins det likevel ro på et område. I rutinene. Rytmen. Skrive, trene, spise, sove osv

 

METTE: ja, ikkje sant. Beate lagar eit mikrokosmos av rutinar. dei blir det private heimlandet hennar, som ho tek med seg når ho flyttar frå land til land. dei rutinene fungerer godt for henne på den måten at dei held henne bort frå galskapen.

 

B&B: Hvorfor gir rutiner ro?

 

METTE: igjen så trur eg at dette er vitenskap. og igjen så baserer eg mine synsingar på noko som eg trur at eg har lese. men kanskje er det berre noko som eg har dikta opp. det eg trur er at mennesket fungerer best når det er ein rytme og føreseielegheit på visse ting. særleg soving og måltid. eigentleg er det jo berre gamle kjerringråd. spise, sove, mosjonere regelmessig.

 

B&B: Fordi det ligner på spedbarnets liv?

 

METTE: ja, dette har vi drive grunnforskning på, vi som har barn. barnet mitt liker iallfall dårleg viss rytmene blir skipla. vaksne kan sjølvsagt ta seg meir saman og sikre at skiplingar i dei rutinene ikkje gjer oss grinete - eller at vi ikkje viser at vi blir grinete.

Men spesielt for Beate er vel dette at arbeidet har blitt så betydningsfullt.

 

B&B: Arbeidet ja! Skrivinga. hva er den for Beate? hva skjer der som ikke kan skje andre steder

 

METTE: hmmmmmmmm godt spørsmål. det er noko som bind alt saman for henne? noko som er konsekvent trass i fysiske flytt. og det er ein måte å skape meining sjølv om ho ikkje har familie, kjærleik, gode vennskap?

 

B&B: Dikte opp alt hun mangler kanskje?

 

METTE: ja, kanskje kan ho lage livet sitt i diktnaden. og det er tryggleik? noko som alltid er der, også på flyplassen i limbo, eller innelåst på meieriet i snøstorm eller under vulkanutbrot.

 

B&B: Men så behøver hun plutselig ikke dikte lenger, hun møter jo noen! på ekte

 

METTE: ja, og korleis kjem det til å gå, trur du? det med at ho har møtt nokon, nokon på ekte? kva er din spådom om framtida til Kjell og Beate?

 

B&B: Oi, skal vi gå dit allerede - til slutten?!

 

METTE: hehe. nei, du er jo dramatikar også du. vi får følgje kurva. den dramatiske kurva, altså

 

B&B: ja –  så vi ikke spoiler noe. Men jeg tenkte på ambivalensen som følger Beate – også inn i forholdet. Tvil og tenkning og spørsmål forsvinner jo ikke selv om hun møter kjærlighet. Beate går inn i dette, hun gjør det, til tross for at hun tror hun ikke kan. Som om hun tenker at hun skal ville dette, men likevel ikke forstår helt om hun vil?

 

METTE: nei, og dette heng saman med det meste andre vi har "snakka" om så langt. det handlar om mennesket sin evne til å gå inn i mønster, å godta rutiner og forme seg rundt dei. både kroppen og sjelen gjer det. både kroppen og hjernen er, på kvar sine måtar, mulege å "trene". sjølv om hjernen ikkje er ein muskel, så kan den styrast i den eine eller andre retningen, ut ifrå korleis ein brukar den. typisk døme er det med lesevaner: sjølv ein som har lese kjappe twittermeldingar (og nesten ikkje anna) i fem år kan styre hjernen til å bli vant til å lese timesvis i strekk (bøker). Beate er førti år. ho har hatt førti år til å la vaner setje seg. eit førtiårig liv er eit svært skip som det tek tid å snu. men det er fullstendig muleg.

 

B&B: Ja, for hun klarer det jo, selv om hun tviler! dvs tenker alle mulige, ikke negative, men ambivalente ting. Også mht omgivelsene deres, krakket på Island som skjer parallelt – som blir en slags allegori på krakket, eller omveltningen, i Beates liv? Og likevel fortsetter det. livet fortsetter, alle fortsetter. beate og kjell også fortsetter. Beate øver seg på å være sammen, forholde seg, øver seg på å være mor, hele tida, samtidig som tvil og tenkning skjer - selv om det har skjedd et krakk.

 

METTE: "krise" er jo eigentleg eit positivt omgrep. det har berre blitt misbrukt så mykje.

 

B&B: Ja, og gjennom kriser kan man velge å fortsette med eller uten den, lære av krisen.

ikke fornekte den. kanskje krisen kan bli konstruktiv

 

METTE: ja, faktisk la den gå inn på seg. Eg trur det er mykje positivt med å kjenne på det såkalla negative.

 

B&B: Her et sitat fra Beate - etter fødselen: "Da eg klarte å føde, viste eg med meg sjølv at eg kan klare alt."

 

METTE: ja, sjå der. fødselen braut alle rutiner og vaner. fødselen var sterkare enn alt dette som hadde festa seg. det er lett å tenkje symbolsk på fødselen som dette opprivande og endevendande: kroppen blir nesten vrengt inn-ut, og kvifor skulle ikkje det også røske opp i alt som sette seg i sjela? kanskje skriv eg vel fort til deg her no - og tenkjer for lite. men det eg veit sikkert er at då eg skreiv denne romanen hadde eg, som Beate, fødd, og for meg var fødselsdagen eit vendepunkt. barnet som kom har sidan då vore i verda og endra verda. det at mange litteraturkritikarar - det siste året - kan kalle tema graviditet - fødsel - barsel trivielt, det sluttar ikkje å overraske meg. at det å føde skal vere mindre egna som litterært tema enn døden? eller sex? eller sjukdom? vaksne, elles oppegåande litteraturkritikarar hevdar at fødsel er mindre eigna, og det meiner eg er diskriminering.

 

B&B: Og så må vi (skrive) snakke litt om estetikk (jeg er tross alt utdannet estetiker!), og om poetikk: Et gjenkjennelig trekk i skriving din er bevegelsen fra det konkrete, subjektive, kroppslige - til det generelle, til tider mekaniske, biologiske og vitenskapelige. Feks: "Babyen jobbar hardt for nokre dropar mjølk. Endeleg sovnar ho. Ho har brystknoppen i munnen. Brystet vil lage meir mjølk da. Kjertlar jobbar. Kroppen fraktar næring og verkestoff frå blodet til kjertlar til mjølk. Da eg klarte å føde, viste eg med meg sjølv at eg kan klare alt." Fra kropp til vitenskap til tanke. Dette kan vel kalles en klassisk Karlsviks estetikk?

 

METTE: Eg seier Ja takk, lat oss kalle det dét. Det som eg kan seie at eg jobbar medvite og ganske konstant med, er ein stadig perspektivisering av nivåa i mennesket, landskapa, partiklane og universet. eg trur på forflytninga. det er min "take on" hermeneutikk. slik prøver eg å tvinge meg sjølv inn i posisjonar der eg kan tolke på min unike måte kva det å vere menneske i verda ( /vere ei verd mellom menneska). og for ordens skuld, når eg skriv "nivåa i landskapet" så snakkar eg om landskapa sitt potensiale for noko menneskeleg: landskap kan, som menneske, fungere som ein slags karakterar og protagonistar. landskap endrar seg gjennom dagen, gjennom året, i mørke og lys og årstider. Eit døme er elva Varmá som har endra seg totalt gjennom to hundre år. (Men den skal eg snakke meir om på Deichmanske den 27. november, om du er interessert)

 

B&B: (Ja, det er vi! svarer RED) Jeg ser for meg at dette også speiler en måte å tenke på?

 

METTE: Ja, det er akkurat det. Ein måte å tvinge fram refleksjon som - for min del - ikkje kjem naturleg. Mitt naturlege instinkt er å prøve å tenkje minst muleg. Eg har hatt røynsle med at tenkningen ikkje har ønska meg godt. Å handle, og heile tida handle såkalt konstruktivt, har vore instinktet. Men det er jo ikkje noko liv. Det er bortkasta å vere fødd som menneske om eg ikkje kan bruke tenkningen til noko godt. Så eg må jobbe litt ekstra for å styre tankane mine.

 

B&B: Er dette da også en måte å føre tanken videre på? Gjennom skriving? At ut ifra det kroppslige, følelsemessige, det man kjenner, oppstår et ønske eller interesse for å forstå vitenskapelig, begrepsliggjøre? Skrive?

 

METTE: Ja, dette oppfattar eg som eit litt anna spørsmål enn det førre. Rønsla av å føde, det er ei biologisk røynsle som Beate opplever at er så sterk at ho ønskjer å lage omgrep ut av. Beate finn at akkurat dette finst det eit viss språk for. Heldigvis, oppdagar Beate, har nokre kloke kvinner - også før seg sjølv - språkleggjort røynsla av å føde og vere i barsel. Men då - i 2008 - hadde tilgjenge til den litteraturen strammare grenser enn i dag, i 2019. Heldigvis finst det no endå fleire alternativ for språk om denne sterke røynsla - å gi liv. (Eg kjenner ingen som har erfart å døy, og som kunne skrive godt om å døy. Nokre gongar har eg tenkt at ein kanskje skriv om noko som er i slekt når ein skriv om det å gi liv). Og nettopp difor - fordi dette temaet er erke-eksistensialistisk - er eg veldig takksam for at du ville lese boka og stille meg spørsmål om den! Respekt!

 

B&B: Du snakker mye om vitenskap, både i bøkene dine, men også her – når vi skrivesnakker sammen. Hva betyr vitenskap for tenkningen din, og dermed for skrivingen? Handler det om å understøtte følelser (og kjensler, hvorfor fins ikke et ord for å kjenne slik som i det nynorske!) med fakta, er det fordi å beskrive rene følelser uten fakta ikke gir den samme tyngden, effekten?

 

METTE: Hehe, nynorsk har både "kjensler" og "følelser". Bra språk! Men ja, med andre ord - kva betyr vitskapen for tenkningen og difor skrivinga? Når du spør meg om dette, så blir eg medviten AT det betyr noko. Det betyr mykje. Impulsen var å svare: "sjølvsagt betyr det mykje. Det er jo vitskap". Det avslører kva stor tru eg har på vitskapen. Eg er eit barn av mine foreldre sin tid: etterkrigsgenerasjonen, altså babyboom-generasjonen, den generasjonen som i størst grad (kanskje) har vore framtidsoptimistar. Dei har trudd på at vitskapen kan føre verda framover. Og utan å eigentleg tenkje over det, har eg berre teke den haldninga og akseptert den som sann. Men når forskninga gir nye svar frå dag til dag og når det for kvar dag (nesten) gjeld nye reglar - kvifor forholder eg meg framleis til vitskapen? Kanskje er det fordi særleg naturvitskapene kan gi svar som går opp? Det er veldig tilfredstillande med ting som går opp.

 

B&B: Matematikk! Og der er vi tilbake til rutinene, god rytme. Til slutt - det virker som om du også leker deg en del når du skriver. Feks med språklige motsetninger mellom følelse og faktum: "Eg kjenner meg fri, sjølv om eg er lenka til denne stolen." (Et sitat som også kan stå som et bilde på Beates konstante ambivalens) Eller kanskje tydeligere - som en barneregle; ”.. meieriet krakka… Thors imperium blei slanka, men ikkje brakka. Han blei mindre rik, men ikkje blakka.” Så spørsmålet er - er det gøy å skrive, Mette?!

 

METTE: Er det gøy å skrive? Det er eit ømt spørsmål. Eg kjenner meg ikkje som ein fantasifull og leikande forfattar. Eg liker å arbeide. Eg liker å vere igang med noko. Liker å gå til kontoret etter å ha levert i barnehagen, liker å ha noko å gjere, eg er ikkje berre eit barn av framtidsoptimistar, men eit barn av protestantismen. Dette er noko å arbeide med (sic!). Eg bør jo helst gjere meir av det eg har lyst til og mindre av det eg burde (sic!) Eller? Nei, veit du kva, eg synest at det er heilt rett å ikkje nødvendigvis vere ein leikande forfattar, men å vere ein hardt arbeidande ein.

 

 

Please reload

Please reload