Siste innlegg

Ein ilsk, utolmodig energi: Samsnakk med Eli Vaage

Berit Bureau har samsnakket med byråets Eli Vaage om hennes siste bok, novellesamlingen Grå Hoppe! Eli har tidligere gitt ut diktsamlingene Hekla myter (Cappelen Damm, 2014) og Estalåni (Tiden, 2019).

Foto: Eli Vaage. Utsikten til arbeidsbordet da Eli skrev på boka, og det samtidig dukket opp 5 kattunger.



Berit Bureau:

Dette er din tredje bok, og din første prosabok. Hva slags bok er Grå hoppe, og hvordan var overgangen fra dikt og prosa-arbeidet?

Eli V.:

Grå hoppe er ei kort og litt sprelsk bok, eg prøver å få plass til alt som vil ha plass der, men det er kort og intenst, fylt av livsvilje, tenker eg, og eit slags mål har også vore å skrive om tunge ting som døden på ein måte som ikkje er tung. Mange har påpeikt at dette er tekstar som er opptekne av kvardagen, at den òg kan vere spennande, liksom, og då tenker eg at ja, sjølvsagt, det er jo i den såkalla kvardagen at det skjer. Kvar elles? Som dette utsegnet viser, er både eg og boka prega av ein underleg trass, eit sinne som ligg litt under og som gjer seg utslag i mange ting, blant anna karakterar som ikkje er kjempesympatiske, som tenker altfor mykje og for plaprete, og sikkert òg på andre måtar eg ikkje har oversikt over.


Grå hoppe er også ei bok som sikkert burde hatt undertittel fiksjonar eller forteljingar heller enn noveller, eg var innom mange variantar, men enda med å la forlaget avgjere, og då vart det noveller. Men det er ei bok med tjueseks korte prosastykker, alle ørsmå eller litt lengre glimt innom einkvan sitt medvit eller tankekjør, like før noko skjer eller som i meir tradisjonell novellestil, tilbakeblikk på noko, erindringar, spørsmål, fabuleringar. Uansett er det ei bok som voks fram av seg sjølv i ein organisk og overraskande kort prosess. Tekstane kom brått og nokså ferdige, og heile skrievperioden var prega av ein litt ilsk, utolmodig energi som eg trur lyser ut gjennom den ferdige boka.


Når det gjeld overgangen frå dikt til prosa kom den heilt naturleg, eg tok på eit vis berre i mot det som kom dettande ned, og så vart det altså prosa. Men om eg ser tilbake på dei to andre bøkene mine, finst det tydelege spor der som leier i retning av nettopp prosa, det er tydeleg. Begge diktsamlingane er forteljingar, dei har eit tydeleg narrativ, så slik sett er det eit heilt naturleg neste steg å prøve seg i denne sjangeren. Det føles godt, samtidig som eg saknar å lese opp dikt; å lese høgt frå denne boka er noko heilt anna enn å framføre poesi! Så det kan hende det gjer at eg må skrive meir lyrikk i framtida, for eg har kjent det saknet heilt tydeleg.

B:

Hvis det er noen oppramsende ord som kan fange innholdet av denne boka vil jeg si for eksempel, "øyeblikk, mellomrom, ordlek, overskudd, sort humor, kontakt med de døde, pleonasme, ironi, dyr og en norsk fjord som kommer i tale," med andre ord et vidt spenn som alt henger sammen fordi det er fortalt med den samme enorme språklige energien. Hva eller hvem er denne skriftenergien? E: Den energien har eg òg tenkt mykje på. Kanskje det av og til skjer i større grad enn elles at ting i livet fell saman slik at det vert utløyst noko, eit slags overskot som gjer at den skapande prosessen heller enn å vere eit nøysamt detaljarbeid prega av for eksempel planlegging og utprøving, vert ein rein overskotssituasjon? Eg hadde opplevd eit dødsfall som endra heile livet mitt og før det samlivsbrot i åra like før denne boka, og så vart eg litt overraskande stupforelska: Forelskinga si kraft hang tett saman med å skrive Grå hoppe, eg skreiv heile boka mellom august og desember. Mykje kulminerte, ting losna i takt med at eg "losna", eg gjenoppdaga skrivegleda i ein slags smittande kjærleiksrus, for å seie det med litt utestemme.


B:

For meg gjør boka noe som kun kan skje i skriften, å zoom inn og utvide et øyeblikk, gjennom en tankerekke. Kan du si noe om forbindelsen mellom tanke og skrift, både i forhold til arbeidet det er å skrive en bok, men også slik det faktisk innholdsmessig presenteres i samtlige av tekstene ?

E:

Ja. Det er noko som berre kan skje to stader kanskje, i tanken og i skrifta. Men det kan berre delast i skrifta, særleg i detalj, og enn så lenge, iallfall (tenk så skummelt med telepati! Og magisk, grøss og gru!). Å stanse tida og sjå seg om, zoome inn i ein augneblink, ta for seg noko eigentleg veldig lite og så utvide det. Ja, det er nok eit interessefelt for meg. Å skrive er også å halde ein dialog med seg sjølv og alle andre samtidig, ein gir seg høvet til å granske det menneskelege, kan ein kanskje seie? Det er teksten, den som skriv han, men så er det òg fleire lag imellom. Der skjer det eit eller anna veldig interessant og gåtefullt, fordi det i og med teksten oppstår ein eigen eksistens som ein ikkje har kontroll over. Forholdet mellom tanke og skrift i Grå hoppe er kanskje prega av at eg havna i ein tilstand med liten avstand mellom dei to, eller, kort reisetid mellom hovud og hender? Det var intenst og kjendes risikabelt og utruleg godt, tankane strøymde liksom rett ut gjennom hendene og inn i tastaturet.


B:

I en av tekstene er det en litteraturprofessor (?) som forteller om en stor oppgave om et dikt hun har gjort, det er en beskrivelse som slo meg helt i bakken - hvordan hun lærte seg diktet utenat slik at diktet skulle få større kraft ute i verden. Kan du si noe om dette? E:

Ja! Nett denne teksten ligg ganske nært opp til meg som biografisk liten eksistens i verda: Eg skreiv masteroppgåve om Olav Nygard sitt dikt "No reiser kvelden seg". Det er verkeleg eit fantastisk dikt, ein favoritt. Så erfarte eg at det kanskje ikkje var det beste å skrive oppgåve om det ein elskar, for kva hadde eg eigentleg å seie om det bortsett frå at det er nydeleg, vakkert, utruleg godt? Det gir den kjensla av akutt ordmangel ein kan få stilt ovanfor noko stort. Men når det gjeld krafta i teksten og å lære seg det utanat, er eg ikkje i tvil om at det er ei form for magisk verksemd. Å messe noko fram festar det i verda, det er ei overføring som skjer, sjølv om eg aldri messar det høgt. Generelt er eg stor fan av å lese høgtDet kjennes også godt å vite at dette diktet, det er så godt og stort og trygt i seg sjølv at det spelar faktisk eigentleg inga rolle om eg prøver å analysere det, med mine små litteraturvitar hender og auger. Det klarar seg godt på eiga hand.

B: Kan du fortelle om det konkrete arbeidet med boka, hvordan ble den til?

E:

Den blei til raskt, vil eg seie, i hovudsak skreiv eg alle tekstane mellom august og slutten av november. Eller, eg hadde eit par av dei frå før, eg trudde nemleg eg skulle skrive ei diktsamling om arbeid, i ulike former. Så eit par av dei aller kortaste som òg har eit slektsskap i stil og tone var der i ei eller anna form - så kom resten, i ei røys.

B:

Det er noen briljante avslutninger på tekstene, hva er en god slutt for deg?


E:

Takk! Det er eit kjempevanskeleg spørsmål. Eg anar ikkje. På generell basis er eg nok tilhengar av ei eller anna form for overrasking, det må helst ikkje slutte sånn du trudde. Men her er eg på farleg farvatn, for eg har eigentleg ikkje peiling. Kan eg seie det? At eg ikkje anar, men at eg av og til kjenner på meg når det er på tide å gi seg. Om teksten har ei veldig klår rørsle i seg, er det kanskje best å berre følgje den og så avsluttar ting seg sjølv når energien fell, når ting roar seg. Men igjen: Eg veit ikkje, men eg merkar at eg syns det er veldig interessant å spekulere omkring!